Søndagsskule


Søndagsskulen er for alle born. På søndagsskulen syng me, tenner lys og ber, blir kjent med ei forteljing frå bibelen og har ulike leiker eller aktiviteter. Dei vaksne er velkomne til å bli med på søndagsskulen om dei ynskjer det.

Velkomen på søndagsskulen!

 

Stord sokn våren 2022

I Stord kyrkje er det ikkje søndagsskule knytt til gudstenestene. Men me ønskjer alle velkomen til familiegudsteneste ca ein gong i månaden. 

I Stord sokn er det søndagsskular på Hystad skule, Horneland bedehus og Leirvik bedehus. 

Nysæter sokn våren 2022

I Nysæter kyrkje er det søndagsskule i kjellaren i kyrkja samstundes med gudstenestene. Me startar søndagsskulesamlinga kl.11.00 og me syng, høyrer frå Bibelen og leikar saman. Dei vaksne er velkomne til å vera med borna på søndagsskulen om dei vil det.

Velkommen til Nysæter søndagsskule desse søndagane i vår; 20.februar, 20.mars, 3.april og 24.april

 

 

Tilbake