Barn og ungdom


Overskrifta på alt me gjer i trusopplæringa på Stord er "I Guds hand". Me ønskjer at barn og ungdommar gjennom samlingar på ettermiddagstid, gudstenester og i konfirmanttida skal få møta og bli kjent med ein Gud som har så store hender at det er plass til alle våre små hender inni dei. 

Samlingar i trusopplæringa kallast T-dagar.

Trusopplæringa er for barn og unge i alderen 0-18 år. Gjennom samlingane i trusopplæringa er det eit mål at kyrkja blir ein plass for fellesskap og relasjoner både med kvarandre og Gud. Variasjonen i både tema, innhald, aktivitetar og bibelforteljing på dei ulike samlingane i trusopplæringa er stor. 

Alle døypte barn i vår kyrkjelyd får invitasjon til samlingar i trusopplæringa, men alle barn er like velkomne enten dei er døypte eller ikkje. Trusopplæringa skal også vera eit tilbod til alle, uavhengig av funksjonsevne. Me set pris på at foreldre tek kontakt slik at me kan avtala tilretteleggjing.