Nysæter kyrkjelyd ynskjer å legga til rette for at barnefamiliar kan ta del i gudstenestefellesskapet. For ei tid sidan vart det ordna til ein "leike- og teiknekrok" bak i kyrkja. Den vert nytta jamnt og trutt og er eit viktig tiltak for å vise at me ynskjer born velkomne. No ynskjer me å starta eit prøveprosjekt med å tilby ein enkel søndagsskule under deler av gudstenesta. Me har veleigna lokaler i kjellaren, og me har nokre frivillige som vil ta seg av ei enkel samling der. Det kan vera under heile gudstenesta, eller til dømes at borna går ned under "preikedelen" i gudstenesta. Denne våren vert ein prøve der me vil sjå om det er interesse for dette. Nokre av borna i målgruppa går alt på Hystad søndagskule, så i første omgang vil me ikkje "kollidera" med dei. Vidare har me ikkje søndagsskule når det er familiegudstenester.
Datoar med søndagsskuletilbod i Nysæter kyrkje denne våren vert:
19. januar.
16. februar.
16. mars.
30. mars.
Velkommen til søndagsskule hjå oss!