Gi ei gåve


Gi ei gåve

Den daglege drifta av kyrkja er finansiert gjennom stat og kommune. Samstundes gir private gåver rom for å gjere meir enn det som ligg innanfor ordinær drift – til å styrkje fellesskapet, utvikle nye tilbod og investere i møteplassar for framtida. Kvar gåve er eit uttrykk for engasjement og medansvar for det som skjer i og rundt kyrkjelyden.

Gåver til kyrkja kan gi rett til skattefrådrag etter gjeldande reglar. I 2025 kan du få frådrag for gåver på til saman inntil 25 000 kroner per år (per person). For at gåva skal bli rapportert inn til Skatteetaten, må ho vere knytt til ein registrert givar med fødselsnummer, og ein må ha gitt minst 500kr ila eit år. Skattefrådraget kjem automatisk med på skattemeldinga.

 

 

Stord sokn (Orgnr 979 677 626)

I Stord sokn går fast givarteneste til drift av Kyrkjestova Fredheim og til sparing med tanke på eit nytt kyrkjelydshus. I tillegg blir andre private gåver brukte til kyrkjelydsarbeidet i soknet. 

Du kan gi ei gåve til arbeidet på to måtar: 

1) Avtalegiro: Trykk her for å registrere deg som fast givar med avtalegiro

2) VIPPS nr 124653: Søk opp nummeret eller "Stord sokn" i VIPPS appen. Snart vert det og mogleg å bli fast givar direkte i VIPPS når du gir til nummeret vårt. 

Det er ingen bindingstid og dersom du ønsker å stoppe avtale om fast trekk, ta kontakt på post.stord@kyrkja.no

Nysæter sokn

I Nysæter sokn er det ikkje ordning for fast givarteneste - men du kan gi ei gåve til kyrkjelydsarbeidet på VIPPS nr 124663