Laurdag 30. nov til sundag 1. des vil me invitera alle 11-åringane som tilhøyrer Nysæter kyrkje til noko spennande nemleg LysVaken i kyrkja.
Det er eit arrangement som blir gjennomført i kyrkjer over heile landet, og er ein del av Trusopplæringa i Den norske kyrkja.
I Nysæter kyrkje har me tradisjon på å overnatta i kyrkja. Me møtes laurdagskveld, og på søndagen et me frukost i kyrkja, før me er med på gudstenesta kl 11:00. Då er resten av familien til 11-åringen hjarteleg velkommen. Under gudstenesta blir det utdeling av ei flott bok. Arrangementet er ferdig etter gudstenesta.
Me møtes i Nysæter kyrkje, laurdag 30.november kl 18:00.
På Lys Vaken skal me leika, bli kjende med kvarandre, bli kjent med kyrkja og me skal laga til gudsteneste og eta god mat. Me skal òg ha tema lys på mange ulike måtar.
Lys Vaken handlar om å vera «lys vakne» for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
Påmelding her.