Ord for veka; Lyset i verda


Olav J Oma skriv tek i andakten denne veka utgangspunkt i  Joh. 8,12 der Jesus seier: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys».

 

 

For tida feirer vi lysmesser i kyrkjene våre. Der les vi om lyset som er kome til jorda. Jesus er lyset, og han seier: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»

Desse orda les vi på nytt kvar gong nokon er døypte, og dei fortel noko om håpet han gjev. Gjennom dei siste 50 åra har dåpssalmen "Fylt av glede" vore den aller mest brukte. Kyrkjelyden reis seg, og medan dei små blir borne fram syng vi: «Fylt av glede over livets under, med et nyfødt barn i våre hender, kommer vi til deg som gav oss livet, kommer vi til deg som gav oss livet.» Salmen set ord til trua. Vi kan kjenna att gleda over det nye livet, og salmen skildrar det vi held på å gjera. Og det er framleis dette vi gjer kvar gong vi ber dei små til dåpen. Vi kjem med det dyraste vi har, til han som gav oss livet. Vi takkar og gler oss over det nye livet. Vi kjenner nok og på uro for dei ukjende dagane, og vi ber for dei små, og det som ligg framom.

Det hender at dagane ikkje blir like mange som vi som foreldre håpar og drøymer for borna våre. Det var i ei slik gravferd eg kjende kor sterk salmen til Ellingsen er. Når vi ved båra til han som vart riven bort så altfor tidleg song: «Og ved tidens grense lever fortsatt dine løftes-ord ved døpefonten, dåpens lys forblir når livet slukner, dåpens lys forblir når livet slukner.»

Orda gjeld og når dagane blir mange. Jesus seier: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» Joh. 8,12

Olav J. Oma

Tilbake