Ord for veka: Lyset


Eg vil ta deg med på ein liten tur ut i Nesskogen. Det er haust og det er mørkt. Eg har på hovudlykt for å sjå kvar eg går.

 

Så ser eg framfor meg på stien noko som ligg og blinkar. Det ser ut som sølv. Når eg tek det opp, er det berre eit brunt gamalt eikelauv. Det var skinet frå hovudlykta mi, saman med regndråpane som gjorde denne fantastiske forvandlinga.

Eg fekk ein tanke. Jesus kom som lyset til jorda. Er Jesus Gud si hovudlykt? Er det ei slik forvandlande hovudlykt som ser sølv over alt. Syntes det var ei fin tanke. Slettes ikkje alltid eg føler meg så skinande flott. Slik er det gjerne med deg og. Men med Jesus sitt lys over meg. Trur eg at eg vert som ein sølvskatt. Trur og at du vert som ein sølvskatt.

Eg snublet omkring i svarteste natten
Da tente du stjernen med lys ifra deg
Eg følte meg ensom og tom og forlatt
Da du viste du tenkte på meg

Eg hutret og frøs da du gav meg din varme
Du så vel at jorda var naken og kald
Du lengtet til meg, og du sendte meg barnet
Og viste meg vei til en stall

Himmel på jord
En glede så stor
Eg e'skje alene
Her eg bor
Himmel på jord
En nåde så stor
Eg e'skje alene
Her eg bor

Brynhild Meyer Stautland

Tilbake