Ord for veka; tradisjonen tro


Jørgen Knutsen skriv om juletradisjonar denne veka... og om tradisjonen tru djupt grunnfesta i kvardagsliv og fest.

 

Nidar Julemarsipan reklamerer for dei gode juletradisjonane i år, med slagordet: «Tradisjonen tro»Eit år før var det ein anna næringsmiddelprodusent som gjorde det same. Vi nikker gjennkjennande. Høgtida er full av tradisjonar:

  • mat
  • pynt
  • selskap
  • TV og Tre nøtter til Askepott

Og inni mellom alt merkar vi  ein annan tradisjon:

Tradisjonen tro

Vi bærer med oss ei tru, djup grunnfesta i kvardagsliv og fest…i sorg og glede, i motvind og medvind I julehøgtida tek det heilt overhånd Byar og bygder bugnar av lys, det er som eit englekor som himmelhøgt jublar. Ære være Gud….

Vi skjøner det kan hende ikkje, men Gud Fader, Vår Herre sjølv ser, skjøner, tek imot lovsangen og smiler lunt til sine menneskebarn og tenkjer: «så vart det jul for alle mine i år og alikevel!» Dei gamle profetorda kling med som ein blå undertone i alt det vakre: Det folket som ferdast i mørkret skal sjå eit stort ljos, over dei som bur i skugggelandet skal ljoset stråla For eit barn er oss fødd, ein Son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler…

Tilbake