Julaftan heima


Mykje denne jula er annleis enn det pleier vera. Men forteljinga i bibelen om då Jesus vart fødd i ein stall i Betlehem den kan ein fortelja saman same kor ein er.  

 

Julaftan heima.

Mykje denne jula er annleis enn det pleier vera. Det er så mykje me ikkje kan gjera i år. Mange får ikkje gått på gudstenste i kyrkja slik ein pleier gjera. Men forteljinga i bibelen om då Jesus vart fødd i ein stall i Betlehem den kan ein fortelja saman same kor ein er.

Her er forteljinga frå bibelen om då Jesus vart fødd🌟

Keisar Augustus var herskar over det store Romerriket; heilt frå Spania til Israel. Han bestemte at det skulle vera ei folketeljing.



Så måtte alle dra for å bli talt. Josef og Maria, som snart skulle ha barn, drog opp til Betlehem. Det var der Josef sin familie kom frå.

Men i Betlehem var det ikkje eit einaste ledig rom til dei. Dei drog til nokre slektningar av Josef og spurte der: «Eg beklagar, Josef!» sa dei. Huset er heilt fullt. Men det er plass i stallen ...

Og der i stallen fødde Maria Jesus, Guds egen son.

Ute på markene sat nokre gjetarar og haldt nattevakt over flokken sin.

Plutselig sto ein engel framfor dei i eit strålande lys. «Ver ikkje redde!» sa engelen. «For i dag er Frelsaren fødd i Betlehem! De skal finna ham i ei krybbe.»

Med eitt var engelen omgitt av ein himmelsk hærskare, som lovpriste Gud og song. «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!»

Då englane hadde fare attende til himmelen, løp gjetarane inn til Betlehem. «Kom!» sa dei. «Me må sjå dette som har hendt!»

 

Då dei fann barnet, knelte de ned framfor det og sa: «Engelen sa at dette barnet er Frelsaren som skal redde folket vårt!» Og alle som høyrde på undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria tok vare på disse orda og gøymde dei i hjertet sitt.

 

Det kom noen vismenn frå Austerland. Dei var stjernetydarar og hadde sett i stjernene at ein ny konge skulle bli fødd på denne tida. Dei hadde med gåver til Jesusbarnet; gull, røykelse og myrra.  

Gjetarane drog tilbake til flokken sin. Dei lova og priste Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

Juleevangeliet 🌟

Vil de heller lesa det akkurat slik det står i bibelen?
Her er juleevangeliet frå Lukas 2, 1-20

Jesus blir fødd 
I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. 2 Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.  3 Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
     4 Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt  5 og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.  6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,  7 og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
     8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.  9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
          
    14 «Ære vere Gud i det høgste,
          og fred på jorda
          blant menneske Gud har glede i!»
15 Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» 16 Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17 Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18 Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. 19 Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. 20 Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei. 

Tenn eit lys og be ei bøn 🌟🙏🏻

Kjære Jesus, du som blei eit barn
Me kjem for å høyra forteljinga om gjetarane, om Maria og Josef og om englane.
Nå vil og me bli med til Betlehem for å helsa deg velkomen.
Du eigde alt, både himmel og jord, men du blei fattig, du blei fødd i ein stall.
La oss få sjå himmellyset frå Betlehemsmarkene i kveld.
Saman med barn og vaksne over heile verda vil me stå rundt di krybbe
Gud, me ber i Jesu namn.
Amen.

Julesongar 🌟

Det er så mange fine julesongar. Her er tekst til to; Eit barn er født i Betlehem og Det lyser i stille grender. Vil de synga med musikk til? Det er mange ulike innspelingar på spotify med både desse julesongane og mange fleire.

Eit barn er født i Betlehem.

Eit barn er født i Betlehem
i Betlehem.
No frydar seg Jerusalem
Halleluja, halleluja!

Her ligg han i eit krubberom
eit krubberom
men rår til evig herredom,
Halleluja, halleluja!

Men okse der og asen stod,
og asen stod,
og såg den Gud og Herre god
Halleluja, halleluja!

Tre kongar kom frå Austerland
frå Austerland
Gull, røykels myrra gav dei han
Halleluja, halleluja!

Treeinig Gud, vi lovar deg
vi lovar deg
For frelsa no og æveleg!
Halleluja, halleluja!

 

Det lyser i stille grender

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld
Og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
Sin broder i himmelhall
Som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall

Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng
men englane song der ute
på Betlehems aude eng

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.

Den songen som atter tonar
Med jubel kvar julenatt
Om barnet, Guds Son, vår sonar
Som døden for evig batt.

 

 

 

 

 

 

Tilbake