Ord for romjulsveka; Nåde og sanning


Reidar Ådnanes skriv i ord for romjulsveka at ingen har sett Gud, men at Jesus har vist oss kven Gud er. Orda i overskrifta; nåde og sanning, har han henta frå Johannes evangeliet. 

 

Teiknaren Nils Aas hadde  teikneundervising med barn på teikneskulen sin. Ein dag gav han dei ei «fri» oppgåve- dei kunne teikna det dei ville sjølv. Han gjekk rundt og såg og kom til ein gut som streva med dei første strekane. «Kva teikar du då?» Spurte han.

«Eg teiknar GUD sa  den veslevaksne pjokken». 
«Men ingen veit vel korleis han ser ut».
«No skal dei i alle fall få vita det!» var svaret frå den frimodige.

Ingen har sett Gud. Så langt hadde vel teiknelæraren rett.  For  slik skriv  evangelisten Johannes: Ingen har nokon gong sett Gud,

Men- ja for det kjem eit men:
          men den einborne, som er Gud,
          og som er i fanget til Far,
          han har synt oss kven han er.

Jesus viser oss, barnet viser oss, gjennom heile sitt liv  viser Jesus oss kven Gud er.   Det  ubeskytta sårbare barn, den kloke lærar og  den refsande profetrøyst. Han er den som hjelper dei hjelpelause, som gir livsmot til dei kua, som lækjer sjuke, som tilgir syndarar , som set barnet  i midten og seier: bli som barn. Han som omfamnar dei utstøytte og har fest med bryllupsgjestene!

Og når Johannes skal  omtale Jesus og hans gjerning med få ord då kan han skrive slik: Vi såg hans herlegdom , ein herlegdom som den einborne sonen har frå Far sin , full av nåde og sanning.

Han konsentrerer det i to ord NÅDE OG SANNING. 
Ikkje nådelaus sanning. Ikkje nåde utan sanning. Men full av NÅDE  og SANNING.

Reidar Ådnanes

Tilbake