Informasjon om endringer pga koronarestriksjonar fram til 18.januar


Nye smittevernreglar påverkar aktivitetar og gudstenester i kyrkjene på Stord fram til 18.januar. 

Gravferder kan fortsatt gjennomførast med inntil 50 deltakarar og vil difor bli gjennomført som i haust. 

Gudstenestene 10.januar og 17.januar blir avlyst, i staden vil me legga ut film med korte gudstenester på kyrkja si facebookside og nettside dei neste to søndagane. 

Andre seremoniar som dåp, vigsel og diakonale samtalar/sjelesorg kan gjennomførast med inntil 10 deltakarar. Ta kontakt med oss på kyrkjekontoret om det er aktuelt for dykk dei neste to vekene. 

Alle samlingar i trusopplæringa for born og unge er avlyst. Sidan ungdomskulane er på raudt nivå blir og konfirmantundervisninga avlyst og me ber dykk følge med på nærare informasjon frå konfirmantansvarleg. Korøvingar er og avlyst. 

Me er tilgjengeleg på telefon og mail om det er spørsmål eller behov for kontakt.

Tilbake