Ord for veka; Godt nytt år


Nyårsdagen gjekk eg på gudsteneste, slik eg har for vane. Eg trur ikkje eg er betre eller verre enn dei menneska eg lever mellom. Etter statistikken er me ganske mange på Stord som har denne vanen.

Godt nytt år!

Eg snakka med ein kamerat om dette. "Kvifor går du her?"

Han fortalde at han som ung hadde vore borti ulike forsamlingar, men "det var her eg kjende meg heime," sa han. Her hadde han gått med sin eigen far, her gjekk han med sine barn, og her går han framleis.

Eg spurde vidare: "kva var det som gjorde at du kjende deg heime her då?"

"Det var rituala. Det faste. Her møter me nåden, me seier fram syndsvedkjenninga, truvedkjenninga, og den bøna Jesus lærte oss (Fader vår), og me får velsigninga. Slik eg ser det, er det alt det trua treng."

"Det har vore mange prestar, somme var tørre, somme var flinke, somme likte me betre enn andre. Alle er ulike, men me gjekk av vane uavhengig av presten. Det gjorde Jesus og. Då han tok til med si gjerning i Lukas 4, gjekk han i synagoga slik han hadde for sedvane," fortel han.

Den gode vanen som gjer at me møter Gud. Søndag etter søndag.

Nett no har kyrkjehusa, på grunn av pandemi, vorte stengd for gudstenester. Då må me ta vanen heim. Sjå f.eks. bibelselskapet si side https://bibel.no/om-bibelen/bruk-bibelen/bibelleseplaner

Her kan me finna hjelp til å lesa, til å høyra, til å be. Det er ein måte me framleis kan få det trua treng.

Så håpar og bed eg om, at når samfunnet og kyrkjehusa opnar igjen, at me då står i kø og ynskjer vera med på gudstenestene igjen, for å møta Gud, saman, slik me har for vane.

Olav J. Oma, sokneprest

Tilbake