Stord sokn har vald Normisjon sitt arbeid i Bangladesh som sitt misjonsprosjekt. I Normisjon sitt blad "Ferskvare" fortel Gerd Eli og Hallgeir Haaland at dei trass fattigdom og pandemi opplever mange glimt av håp i arbeidet sitt som misjonærar i landet.
I 2020 vart dei koronafast i Bergen i 4 månader. Heile familien kjente på ei stor lette då dei i august fekk reise tilbake til Bangladesh og Dhaka der dei bur med borna, Mathea (10), Jonathan (7) og Kristoffer (3). Det er vanskeleg med pandemien, som stengjer skular og gjer kvardagen vanskeleg for menneske.

Mange born i landet ser ut til å mista eit år av skulegangen sin, og det gjer misjonærane bekymra for dei fattigste. Fleire vil ikkje koma tilbake på skulebenken, og når ein fell ut av skulen aukar og faren for at dei vert gifta bort altfor tidleg, fortel Gerd Eli.
Ho arbeider med eit prosjekt som heiter "trygg barndom". Det er eit foreldrevegleiingsprogram som skal hjelpa familiar som lever under krevande omstende med fattigdom, sjukdom, konflikt og traumer, slik at borna likevel kan få ein trygg barndom. Ho driv og opplæring av nye leiarar i dette arbeidet.

Halgeir driv leiartrening gjennom Agenda 1-nettverket. Der er han med og utrustar lokale kristenleiarar til å ta større ansvar for arbeidet i kyrkjelydane. Han fortel med glede om det han ser av modning og utvilkling blandt medarbeidarane.
Familien Håland gir og uttrykk for takksemd til alle som står med dei i tenesta.
Stord kyrkjelyd støttar arbeidet med ofringar i kyrkja og forbøn i gudstenestene. Målet er å samle inn minst 50 000 kroner i året.
Om du vil lese meir om arbeidet kan du gå til Normisjon sine sider, der det både er filmar og grundigare skildringar av arbeidet https://www.normisjon.no/vare-prosjekter/bangladesh