Stord sokneråd har frå 1. august 2023 inngått avtale om eit nytt misjonsprosjekt på Cuba saman med Normisjon.
Normisjon og Bjørgvin Bispedøme har eit aktivt engasjement og samarbeid med den lutherske kyrkja på Cuba (Iglesia Evangélica Unida) – og no skal kyrkjelyden på Stord også vere med å støtte arbeidet. Soknerådet har eit mål om å samle inn minst 50 000kr årleg.
Situasjonen på Cuba
Cuba er ei frodig øy med Atlanterhavet på nordsida og Det karibiske hav i syd. Folketalet er om lag 11 millionar. Turismen gjev viktige inntekter både til staten og dei som jobbar i næringa. Landet er òg avhengig av innteninga frå titusenvis av kubanske helsearbeidarar i utlandet og pengeoverføringar frå eksilkubanarar til familie og vener på Cuba. Den økonomiske situasjonen i landet har vore vanskeleg lenge, med betydeleg forverring frå 2021. På mindre enn to år, har verdien av ei månadsløn blitt redusert med 80%. Mange reiser frå landet av den grunn
Om lag 8-10% av folket på Cuba har tilknyting til evangeliske kyrkjelydar. Om lag 48% er katolikkar, og vi finn mykje blanding med afrikanske stammereligionar («synkretisme»). Fleire av dei evangeliske kyrkjene på Cuba er i vekst, og ein driv aktivt med spreiing av gratis Biblar (finansiert av bibelselskap i Norge og andre land).
Kva støttar me gjennom misjonsprosjektet?
Korleis Normisjon konkret støttar kyrkja på Cuba, varierer noko frå år til år ut frå den konkrete situasjonen i landet og i kyrkja. I 2023 omfattar det mellom anna:
- Støtte til løner for prestar og andre tilsette i kyrkja på Cuba. Dette vil halde fram òg i 2024. Månadsløn for ein prest er om lag 100 dollar (tilsvarer 1.100 kroner).
- Agenda 1 menighetsnettverk – IEU i samarbeid med 8-10 andre evangeliske kyrkjesamfunn. Landansvarleg med eit team frå Norge lærer opp lokale til å ta dette vidare.
- Planting av ny kyrkjelyd i bydel i Havanna og bydel i Santiago de Cuba
- Støtte til ulike prosjekt som skaper inntekt for kyrkja, t.d kyrkjelydsbarnehagar.
- Hjelpesending med mat, hygieneartiklar og brukte klede, sko, syklar m.v (i samarbeid med fleire kyrkjelydar i Bjørgvin bispedøme og IMI-kyrkja i Stavanger). Hjelpesendingar med medisin og medisinsk utstyr (i samarbeid med kyrkjer utanfor Norge).
- Landansvarleg vitjar vanlegvis kyrkja på Cuba minst 2 gonger i året
- Landansvarleg har òg lagt til rettes for eit KRIK-liknande arbeid på Cuba i samarbeid med KRIK i Gand kyrkjeyd i Sandnes.
20% av midlane som vert samla inn går til Normisjon som p.t. overfører alt det til sin Region Hordaland. Resten går direkte til prosjektet på Cuba.
Korleis skal me støtte arbeidet?
Stord sokneråd har ei målsetjing om å samle inn minst 50 000kr årleg til misjonsprosjektet. Dette vil skje hovudsakleg gjennom takkoffer i gudstenester, særleg på høgtidsdagar.
Det vil og bli meir informasjon om prosjektet i utvalde gudstenester eller temakveldar, og det er anledning til å gi ekstra gåver øyremerka misjonsprosjektet f eks ved å nytte VIPPS (nr 124653) og merke innbetalinga med «misjonsprosjekt Cuba».
Vi oppmodar også medlemene våre til å vere med å be for kyrkjene på Cuba og arbeidet deira.
Om misjonsavtalen
Avtalen er inngått 24.juli 2023 og varer frå 1.august 2023 til 31.desember 2026. Då skal soknerådet gjere ei ny vurdering av om ein vil forlengje prosjektet.
Kyrkjelydstur
Drøymer du om ein tur til Cuba? No har du sjansen! Som ein del av venskapssamarbeidet med den lutherske kyrkja Iglesia Evangélica Unida på Cuba, organiserer bispedømet i samarbeid med Plussreiser ei gruppereise 16. - 30. januar 2024 for inntil 20 personar. Turen er open for lekfolk, frivillige og for tilsette i kyrkja.
Gruppa skal vitje kyrkjelydar i Santiago de Cuba, Guantánamo og Havanna, bli kjent med nokre av folka der og få del i korleis livet er på Cuba. Dei får glimt av kva hjelpesendinga med klede, leikar, syklar, mat og hygieneartiklar har betydd for mange, og møter kubanarane som vitja oss i samband med bispeinnsetjinga i Bergen domkyrkje i april.
Påmeldingsfrist er 28.august 2023. Pris per person er kr 31 500,- (+ kr 5 500 for enkeltrom).
Normisjon sin regionansvarleg, Kjell Ove Hatlem, vert reiseleiar på turen.
Informasjon, fullt program og påmelding finn du ved å trykke her.