"Da e mens me bala med da so e at me venta på da rikje" skriv Liv Kari Bru denne veka, og siterer forfattaren Oskar Stein Bjørlykke.
Sunnhordlandsforfattaren Oskar Stein Bjørlykke seier det slik:
Me sku ikkje sitja på gjerde og venta på gudsrikje.
Da e ikkje meiningskap i da.
Da e mens me bala med da so e at me venta på da rikje.
Det er altså gjennom dei vanlege dagane dagane at me ventar på Guds rike. Når me held på med kvardagslege gjeremål. Når me gjer vårt for at det skal bli godt å vera rundt oss.
Og kva er det me balar med? Kva fyller me tida med? Kva med våre uhandterlege dagar? Når me mister motet – for det gjer me av og til. Kva når verda er stor og oppgåvene er mange og eg kjenner meg liten?
Ingen får berre sol. Kvar einaste ein av oss har sin dramatikk, sine slitsame dagar, sine lukkelege – og ulukkelege valg. Tid for glede og tider der ein kjempar mot manglande forsvar mot fortvilinga.
Sjølvbildet vårt er det skjøraste, sannaste og mest verdfulle me har. Me treng å bli sett med gode blikk av menneska rundt oss.
I skapingsforteljinga i 1. Mos les me om Gud som skapte noko nytt kvar dag. Til slutt skapte han mannen og kvinna i sitt bilete. Og Gud sa :”Det var overlag godt”. - Det var nett slik eg hadde tenkt det skulle vera.
Eg likar å tru at kvar gong eit menneske blir født så gler Gud seg over det nye livet som er skapt i Hans bilete, og så seier han: Det var overlag godt.
Den starten får me på livsferda våre alle saman.
Så får me "bala med da so e" - dei dagane som ligg framom – uansett korleis dei måtte bli.
Liv Kari Bru
Kyrkjeverje