Kyrkja si besøksteneste.


Nytilsett soknediakon Olaug A Gloppen ønskjer fleire med på laget som besøksvenn eller telefonvenn. Er dette noko du kan tenkja deg? 

Kyrkja si besøksteneste er ei teneste som har røter helt frå Jesus sitt jordeliv og sidan den første kristne kyrkja starta. Å gje hjelp til fattige og enkjer,  ta seg av dei som treng det og å dela med kvarandre, var ei viktig og stor oppgåve. Nokon hadde særskilt ansvar for denne tenesta.

Som soknediakon ser eg at dette også i dag er ei viktig teneste. Særskilt no i coronatida, er det blitt meir fokus på at fleire er meir aleine. Fokus er vel helst på at eldre som bur aleine ikkje får så mykje besøk. Personar som ikkje kjem seg ut på eiga hand, kan oppleva meir einsemd i slike pandemitider. Men også i normale tider er det menneskje som treng besøk.

Også dei som bur på institusjon kan trenga nokon som kjem på besøk.

Når vi opplever strenge smitterestriksjoner, er telefonkontakt ein fin måte å snakka med andre på.

Kan du tenkja deg å vere ein besøkjar, ein telefonkontakt? Då kan du ringa meg, eller senda SMS på tlf. 41639728.

Med helsing soknediakon Olaug Irene A. Gloppen.

Tilbake