Ord for veka veke 3; Kjent og elska av Gud


I denne vekas tankestrek møter me Paulus som er i Athen på si andre misjonsreise. 

 

I matematikken kallast det algebra; rekning med ukjente tal. Står det ein bokstav som x eller y, a eller b i reknestykket, er oppgåva (og nokre gonger og utfordringa) å finna kva tal bokstaven symboliserer. Det som er ukjent, det me ikkje veit, treng ikkje noko vera ukjent for oss for alltid. Me kan finna ut kva tal bokstaven symboliserer, me kan finna ut kva det ukjente er.

Paulus er i Athen på si andre misjonsreise. Byen er sentrum for antikkens filosofi og tenkjarar. Her er det gudebilete og staturar. Paulus ser seg rundt i byen, snakkar med folk og undrar seg. Han seier; «Athenske menn! Då eg gjekk omkring i byen fann eg eit alter der det stod skrive: For ein ukjent Gud». Så fortel han mennene i Areopagos-rådet at den Guden dei tilber utan å kjenna, er den Guden han forkynner. Den Gud som har skapt verda og alt som er i ho, og som ikkje er langt borte frå ein einaste ein av oss. Då Paulus hadde snakka gjekk nokon vekk, men det var og nokre som kom til tru. (Apg.17)

Me er i Openbaringstida i kyrkja nå. Denne tida mellom jul og faste har bibeltekster som på ulike måtar viser oss kven Jesus er. Slik at det som er ukjent for oss, det me ikkje veit, ikkje skal vera ukjent for oss. Slik at me kan oppdaga, sjå og erfara meir av Jesus. For du; snur me synsvinkelen, frå oss til Gud, er ikkje me ukjent for Gud. Han har kjent oss sidan før me blei fødd. Og han elskar oss! Jesus seier «som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!» (Joh. 15.9)

Elisabeth Fauskanger

 

Tilbake