I løpet av livet vil vi alle ein eller annan gong oppleve at nokon vi er glade i, går bort. Det å ha sorg og sakn er ein del av det å leve. Nokre gongar er sorga og saknet så sterk at livet rett og slett blir vanskeleg og krevjande. Sorg og sakn er krevjande! Når ein som står ein nær dør, kan livet opplevast som «å stoppe opp». «Korleis kan eg greie å leve vidare no?» Slike spørsmål kan kome.
Vi er ulike som menneskje og vi sørger ulikt. Nokon synes det er godt å vere åleine, gjere noko praktisk, gå turar m.m. Andre synes det er godt å prate om sorga og livet med sakn.
Det å ha nære og gode relasjonar i ein familie, er ofte til hjelp og trøyst når nokon i familien dør. Ein viser omsorg for kvarandre i familien. Likevel kan det for nokon vere godt å prate med nokon som ikkje er ein del av familien. Det kan vere nokon ein kjenner, ein prest, ein diakon, ein kollega, ein annan som har opplevd sorg og tap av ein kjær person.
Kyrkja er til stades for deg med sorg og sakn. Du må berre ta kontakt om du treng nokon å snakke med. Om du óg ønsker å bli med i ei sorggruppe, kan du ta kontakt. Det skal vera trygt og godt å koma og snakka med tilsette i kyrkja, og alle tilsette i kyrkja har teieplikt ifht. det som vert snakka om.
Tlf.: Kyrkjekontoret, tlf.: 97332740.
Sokneprest i Stord, Jørgen Knudsen, tlf: 95119678.
Sokneprest i Nysæter, Fridleif Lydersen, tlf: 47176743.
Ungdomsprest, Runar Larsen, tlf.: 93875431.
Soknediakon, Olaug Gloppen, tlf.: 41639728.
Helsing soknediakon Olaug Gloppen