Ledige stillingar, gravplass


Ledige stillingar, gravplass


Assisterande driftsleiar og gartnar/gravplassarbeidar, begge i 100%.

Stord kyrkjelege fellesråd har ledig to faste stillingar på gravplassane i Stord.

Assisterande driftsleiar

   i 100% fast stilling frå 05. januar 2026.

Gartnar/gravplassarbeidar

   i 100% fast stilling frå 05. januar 2026.

For begge stillingane gjeld:

Aktuelle arbeidsoppgåver er vedlikehald av gravplassar og grøntanlegg, oppgåver i samband med gravlegging, avfallshandtering og vaktmesteroppgåver.

Andre oppgåver etter avtale og kvalifikasjonar innanfor maskinkøyring/graving og vedlikehald av maskinar og bygningar. Ei stilling med høve til fagleg utvikling og varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg medarbeidarfellesskap.

Det er totalt fire fast tilsette på gravplassane i Stord kommune.

Me søkjer etter medarbeidarar som

  • er glade i å vera ute og arbeida med grøntanlegg
  • har kunnskapar om - og erfaring frå gartnararbeid.
  • er positive, allsidige, imøtekommande og løysingsorienterte
  • tek ansvar og initiativ
  • har vilje og evne til samabeid

Det er positivt om dei som søkjer

  • har relevant fagutdanning/fagbrev og yrkeserfaring
  • har førarkort kl. C1
  • har maskinførarsertifikat og sertifikat for plantesprøyting.

Pensjonsordning i KLP. Løns- og arbeidstilhøve i samsvar med tariffavtale.

Kyrkjeverja i Stord er gravferdsmynde og næraste overordna.

 

Meir informasjon kan ein få hos arbeidsleiar Heidi Wannberg, tlf. 952 44 011 / 481 24 170

ass. Driftsleiar Morten Simonsen, tlf. 952 44 011/469 40 037

eller kyrkjeverje/dagleg leiar Liv Kari Bru, tlf. 473 50 754

Søknad med kopi av attestar og vitnemål skal sendast til:  LB323@kyrkja.no

Søknadsfrist for begge stillingane:  Fredag 21. nov. 2025

Utlysingsteksten i format for utskrift.

Tilbake