Temakveld med Katalyma: Life of Brian


Temakveld med Katalyma: Life of Brian


Monty Python sin film "Life of Brian" (1979) skapte overskrifter på 70- og 80-talet, og det gjekk så langt at den vart bannlyst i Noreg på den tida. Kva var det som gjorde den så kontroversiell, og har me gått glipp av ein samtale her? Me snurrar film! 

Katalyma er møteplassen for unge vaksne i alderen 25-45 i kyrkjene på Stord. Me møtes ca. ein gong i månaden kor det blir halde andakt, me et saman og er sosiale, både med brettspel og andre ting me finn på. Denne gongen skal me ha ein temakveld med fokus på Life of Brian.  

"Life of Brian" er ein komedie som handlar om Brian som vart fødd samstundes som Jesus av Nasareth, og som blir forveksla for å vere Jesus. Filmen fekk i si tid mykje kritikk av kyrkjeleiarar og blei i Noreg sett på som eit brot på blasfemilova. Det blei sterke reaksjonar, men gjekk me glipp av ein samtale? Me ser filmen og reflekterer over tru og humor, og om det er noko frå denne filmen som me kan ta med oss og lære av, eller som har fått oss til å tenkje annleis. Kanskje oppdagar me noko noko nytt ved vår eige tru oppi det heile? 

Velkommen til Katalymasamling laurdag 25. april frå klokka 18 i Nysæter kyrkje! 

Tilbake