Ord for veka; Korleis forstå det uforståelige?


Søndag 31.januar er det Såmannssøndag i kyrkja. Jørgen Knudsen skriv denne veka om frø.. og om å forstå det uforståelige.

 

 «Kva skal vi samanlikna Guds rike med?» spurte Jesus. Eg veit ikkje om vi går rundt og tenkjer på slikt ein gang, og spørsmålet er jo svært! «Kva likning skal vi bruka?» Korleis kan vi prøve å forstå det uforståelege?

Jesus fortel likningar når det vert for vanskeleg: «Guds rike er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

Vi forstår oss på frø. Det vil seie, vi forstår oss ikkje på frø, men vi ser kva som skjer. Det er jo heilt naturleg og vakkert og sjølvsagt: Legg ein liten dau prikk i jorda. La tida gå. Fukt, varme og lys gjer si naturlege gjerning, og opp veks dei vakraste blomar og planter.

Stans opp og sjå. Kjenn etter. Sjå og kjenn etter ute i naturen og inne i trua. Merkar de det ikkje. Det spirer allereie fram,  Gudsriket, håpet, eller dei vakraste blomar. Under snø og i frosen mark skjer det utan at vi kan gjere noko frå eller til.

Gud lar det skje.
Det gjev oss håp til dagar som kjem.

Jørgen Knudsen

 

 

 

Tilbake