Trusopplæring i Stord våren 2021


I vår inviterer me til samlingar ute i trusopplæringa.  Det blir trilletur, UteSong og UteSamlingar. Velkomen!
Her er plan for våren: 

 

T0 Trilletur
For dei som er heime på dagtid med baby inviterer me til trilletur annakvar mandag med tid til fellesskap, prata saman om laust og fast og ete nistelunsj saman. Me startar på parkeringsplassen ved Stord kyrkje kl. 11.00 og er på tur saman ein god time. Ikkje påmelding, kom når det passar å vera med. Inviter gjerne med andre. Gratis. 
Datoar:
1.februar
15.februar
1.mars
15.mars
12.april
26.april

T123 UteSong
Samlingar for dei som blir 1, 2 eller 3 år i år saman med vaksen annakvar mandag der me syng og leiker, høyrer bibelforteljing om Jesus. Me serverer kveldsmat og drikke til borna og kaffi til dei vaksne. Samlingane blir utanfor kyrkja, så hugs gode kler! Oppmøte på parkeringsplassen ved kyrkja kl. 17.00. Me er ferdig ca kl. 17.45. Ikkje påmelding, kom når det passar å vera med. Inviter gjerne med andre. Gratis. 
Datoar:
8.februar
22.februar
8.mars
22.mars
19.april
3.mai

T456 UteSong
Samlingar for dei som blir 4,5 eller 6 år i år saman med vaksen annakvar onadag der me syng og leiker, høyrer bibelforteljing om Jesus. Me serverer pølse i brød og drikke til borna og kaffi til dei vaksne. Samlingane blir utanfor kyrkja, så hugs gode kler! Oppmøte på parkeringsplassen ved kyrkja kl. 17.00. Me er ferdig ca kl. 18.00. Ikkje påmelding, kom når det passar å vera med. Inviter gjerne med andre. Gratis. 
Datoar:
10.februar
24.februar
10.mars
24.mars
7.april
21.april
5.mai

T78 Gud skapar, me tek vare på
Samlingar med fokus på naturen og korleis me kan ta vare på alt som veks og gror og lever i naturen. Servering av bollar og kakao. Ikkje påmelding. Gratis. Oppmøte på parkeringsplassen ved Stord kyrkje kl. 16.00. Ferdig kl. 17.00
Datoar:
18.februar
18.mars
15.april

T9 Tårnagentsamling 20.februar
Utesamling for dei som går i 3.klasse og blir 9 år i år, med spennande agentoppdrag og aktivitetar, agentmat og kakao. Bokgåve og tårnagentbuff i gåve. Gratis, ikkje påmelding. Elevar på kvar skule blir invitert samtidig til kortare samlingar:
kl. 11.00-11.30 Hystad skule
Kl. 11.45-12.15 Langeland skule
Kl. 12.30-13.00 Rommetveit skule
Kl. 13.15-13.45 Leirvik skule
 

T10,11 Like mykje verdt 11.mars
Utesamling for dei som går i 4 og 5.klasse med ulike aktivitetar. I år skal me blant anna bli litt betre kjent med bibelen. Gratis, ikkje påmelding. Elevar på kvar skule blir invitert samtidig til kortare samlingar der klassane blir delt i grupper slik at alle er på gruppe med born frå same kohort.
kl. 17.00-17.30 Hystad skule
Kl. 17.45-18.15 Langeland skule
Kl. 18.30-19.00 Rommetveit skule
Kl. 19.15-19.45 Leirvik skule



 


 


 

Tilbake