Trusopplæring i Nysæter våren 2021


I vår inviterer me til samlingar ute i trusopplæringa. Det blir trilletur, UteSong og UteSamlingar. Velkomen!
Her er plan for våren: 

 

T0 Trilletur
For dei som er heime på dagtid med baby inviterer me til trilletur annakvar mandag med tid til fellesskap, prata saman om laust og fast og ete nistelunsj saman. Me startar på parkeringsplassen ved Stord kyrkje kl. 11.00 og er på tur saman ein god time. Ikkje påmelding, kom når det passar å vera med. Inviter gjerne med andre. Gratis. 
Datoar:
8.februar
22.februar
8.mars
22.mars
19.april
3.mai

T 1-6 UteSong
Samlingar for born i alderen 1-6 år saman med vaksen annakvar tysdag der me syng og leiker, høyrer bibelforteljing om Jesus. Me serverer pølse i brød og drikke til borna og kaffi til dei vaksne. Samlingane blir utanfor kyrkja, så hugs gode kler! Me startar kl. 17.00 og er ferdig ca kl. 17.45. Ikkje påmelding, kom når det passar å vera med. Inviter gjerne med andre. Gratis.  
Datoar:
16.februar
2.mars
16.mars
13.april
27.april

T 7-10 Gud skapar, me tek vare på
Samlingar med fokus på naturen og korleis me kan ta vare på alt som veks og gror og lever i naturen. Servering av bollar og kakao. Ikkje påmelding. Gratis. Oppmøte på parkeringsplassen ved Nysæter kyrkje kl. 16.00.
Ferdig kl. 17.00
Datoar:
19.februar
19.mars
16.april

T 9 Tårnagentsamling 12.februar
Utesamling for dei som går i 3.klasse og blir 9 år i år, med spennande agentoppdrag og aktivitetar, agentmat og kakao. Bokgåve og tårnagentbuff i gåve. Gratis, ikkje påmelding. Elevar på kvar skule blir invitert samtidig til kortare samlingar:
kl. 11.00-11.30 Tjødnalio skule
Kl. 11.45-12.15 Sagvåg skule
Kl. 12.30-13.00 Litlabø skule

T 10-13 Like mykje verdt 11.mars
Utesamling for dei som går i 4.-7.klasse med ulike aktivitetar. I år skal me blant anna bli litt betre kjent med bibelen. Gratis, ikkje påmelding. Elevar på kvar skule blir invitert samtidig til kortare samlingar der klassane blir delt i grupper slik at alle er på gruppe med born frå same kohort.
kl. 17.00-17.30 Tjødnalio skule
Kl. 17.45-18.15 Sagvåg skule
Kl. 18.30-19.00 Litlabø skule


 

Tilbake