Ord for veka


Det er lett å føla seg liten. Når eg står på eit fjell eller ein ås og ser ut over store områder. Når eg går i skogen mellom dei høge trea.

 

Når eg sit ved sjøen og ser ut over fjorden. Då vert eg veldig liten. Trur kong David kjende på noko av det same når han stod og såg på stjernehimmlen.

Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
eit menneskebarn – at du tek deg av det?
Du sette han lite lågare enn Gud
og krona han med herlegdom og ære.

Sjølv om me kan føla oss uendeleg små i møte med det store flotte skaparverket. Så er me skapt med ein uendeleg stor verdi. Me er lite lågare enn Gud. Me er krona med herlegdom og ære. Me er skapt til felleskap med Gud sjølv og med kvarandre. Me er skapt til å vera den me er, og me er skapt til å vera der for kvarandre. Når me er oss sjølv, er me den me skal vera. Det er til beste for oss sjølv og fellesskapet. Fellesskapet er det me saknar aller mest i desse tider. Men det kjem ei tid. Og kanskje kan me vera saman på andre måtar no. Gud velsigne deg.

Brynhild Meyer Stautland - kyrkjelydspedagog

Tilbake