Ord for veka; Tid for faste?


Denne veka startar fastetida, skriv Svein Arne Theodorsen i denne vekas tankestrek. Han skriv; fastetida er eit godt høve til å bli kjend med Jesus, kven han er, kva han gjorde og kva han kan gjere for oss i dag.

 

Denne veka startar fastetida. Søndag feira vi fastelavn med bollar og krem, tysdag ber namnet feitetysdag før oskeonsdag som innleiar fastetida fram til festen i påska.

Rammefaktorane er spesielle ved inngangen til fastetida i år. Smittevernreglane gjev berre rom for å samla 10 til gudsteneste, her er mykje vi må forsake. Eg undrast – korleis vert fastetida i år? Og – korleis vert påskefesten?

Vandring i fastetida?
Svensken Peter Halldorf er kjent for å grava djupt i skattane i vår felles kristne tradisjon. Halldorf har skreve bok om faste, han serverar dagleg ein god porsjon reisekost for vandringa i fastetida. Halldorf presiserer at faste ikkje primært er ei åndeleg øving med fokus på kva vi skal avstå frå. Faste er meir ei øving i kjærleik og merksemd. Når vi tek tid til dette, vil kjærleiken bli fornya og spira fram frå djupet av vårt hjarte. «Ver i min kjærleik!» seier Jesus, sjå Joh 15,9.

«Vi vil gjerne sjå Jesus.» 
I søndagsteksta høyrde vi om nokre grekarar som gjerne ville få sjå Jesus. Så fint. Fastetida er eit godt høve til å bli kjend med Jesus, kven han er, kva han gjorde og kva han kan gjere for oss i dag.

Svein Arne Theodorsen

Tilbake