Open kyrkje onsdagskveldar i fastetida, avlyst 17.mars


Diakoniutvalet i Stord og Nysæter må avlysa den planlagte opne kyrkja onsdag 17.mars kl 19.30-21.00 i Stord kyrkje.

 

Fastetida er tida fram mot påske. Du kan komme for bøn og ettertanke, lystenning og for å finna ro i kyrkja.

Om du saknar det å vere åleine ei stund, om du kjenner på glede og takksemd, om du ber på ei sorg og noko som er tungt å bera. Du kan komme akkurat slik du er. Vera stille, lytta til roleg musikk.

Vel møtt onsdagane 3,10 og 17.mars kl 19.30-21.00

«Herren er min hyrding, eg manglar ingen ting. Han let meg liggje i grøne enger, han leier meg til vatn der eg finn kvile.»   Frå salme 23

                                                                                                                                                          Soknediakon Olaug A. Gloppen.

Tilbake