Ord for veka; Fasten - dagar for aleinetid med Jesus


Diakon Olaug Gloppen skriv om faste og motivet for fasten i denne vekas tankestrek; Ho skriv; "Motivet for faste, ser ut til alltid å ha vore: å finne tilbake til rett forhold til Gud".

 

Vi er no i starten av fastetida, som set sitt preg på tekstar, tematikk og salmeval i kyrkja. 40 dagar frå oskeonsdag til påske. Då er ikkje søndagane rekna med. Heilt fram til 1800-talet, følgde mange tradisjonen som å avstå frå mat og drikke. I dag blir fasten meir brukt som tid til stillheit, bøn og meditasjon. Bibeltekstane handlar om åndskamp, strid og om å halde ut i trua på Jesus Kristus.

Faste er blitt brukt med ulike motiv i lang tid. I Det Gamle Testamentet leser vi om faste når nokon søkte hjelp frå Gud (Esra 8: 21-23), når nokon ville vise at dei angra syndene sine (Joel 2: 12-15), når Israelsfolket feira den årlege soningsdagen (3. Mosebok 16: 29-30). Jesus fasta i 40 dagar etter at han blei døypt, for å forberede seg på å gjera Guds vilje i tenesta som låg framfor. (Lukas 4:1,2)

Fastetida kan beskrivast som ei «renselsestid/bodstid». Vi lever i ei tid og i eit land med overflod, og vi manglar stort sett lite av materielle ting og får dekka dei grunnleggjande livsbehova. Vi kan vera takksame for alt det gode vi er velsigna med og ikkje gløyma dei som treng vår hjelp.

Vi skjønar at faste i dag ikkje har same rotfeste som tidlegare. Kvifor? Lever vi for «sutalaust» blir faste for «asketisk» i vårt evangelium: «trua åleine»? Motivet for faste, ser ut til alltid å ha vore: å finne tilbake til rett forhold til Gud. Faste som «meir åleinetid med Gud» er då evangelisk. Om vi ikkje akkurat held oppe med å eta og drikke, så kan vi forsake noko for meir åleinetid med Jesus, slik det høver ein best.

Fortsatt god fastetid. 
soknediakon Olaug Irene A Gloppen.

Tilbake