FORANDRE FOR ANDRE


Kvart år arrangerer kyrkjene i Noreg fasteaksjon siste veka før påske. I år kan ikkje konfirmantane gå frå dør til dør, slik me plar gjera. Me ynskjer å vera med å Forandre for andre. Det gjer me gjennom å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 21. – 23. mars. Konfirmantane vil likvel vera med å utfordre dei som er rundt seg. Me håpar mange vil vera med å Forandre for andre. Vipps til 2426 eller SMS VANN til 2426 (250kr)

 

Me ser at det er viktigare enn nokon gong å hjelpa våre søsken i andre deler av verda som har det langt vanskelegare enn me har det her heime. Pandemien har satt fattige land mange år tilbake og i tillegg har dei stått i mange kriser samtidig. For Covid-19 bryr seg ikkje om at Nilen fløymer over og tek med seg hus, eigedelar og åkrar fulle av grønsaker. Viruset bryr seg ikkje om tørke, om du er på flukt frå uro i Tigray eller har flykta frå konfliktar i Kongo. Det bryr seg ikkje om du ikkje har vatn, mat eller ein stad å bu.

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon handlar i år om å gi reint vatn til mennesker i naud. Vatn forandrar liv. I årets aksjon møter vi Champo og familien hennar i landsbyen Kasalaulo i Zambia, der ein vasspost har endra livet til innbyggarane. Dei hadde ikkje anna vatn enn ei skitten og forureina elv. Dette vatnet måtte dei drikke og vaske klede i. Mange vart sjuke som følgje av skittent vatn.

For to år sidan fekk dei ein vasstasjon og kan hente reint vatn når dei vil. Vatnet har vore ekstra viktig i førebygginga av pandemien. Reint vatn forandrar liv, på meir enn éin måte. Me treng reint vatn å drikke, men me treng òg reint vatn for å halde oss reine og hindre spreiing av sjukdomar. Grundig handvask med såpe og reint vatn er faktisk ein av dei billegaste måtane å redde liv på. Me treng reint vatn for å få eit rettferdig liv. Reint vatn gir fleire barn og unge utdanning. Reint vatn er viktig for at eit samfunn skal fungera.

Akkurat no gjer kyrkjelydar over heile Noreg seg klare til å gjere ein forskjell. Til å forandre noko for andre. Det gjer me gjennom å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 21. – 23. mars. Konfirmantane kan ikkje gå frå dør til dør i år. Men dei vil likvel vera med å utfordre dei som er rundt seg. Me håpar mange vil vera med å Forandre for andre. Vipps til 2426 eller SMS VANN til 2426 (250kr)

Tilbake