Ord for veka; palmesundag


Jørgen Knudsen tek oss denne veka med inn i påskehøgtida.

 

Ute sprengjer våren seg på, snøklokker og krokus kikkar fram. Påskelilejen lurer på kva som er i emning, og fuglane kvitrar muntert og vårleg i ut lufta. Det er nytt liv på gang, sjølv om sluddbygene lurer og nordavinden fortsatt er iskald og Coronarestriksjonane igjen tek motet frå oss.

Inn i alt dette kjem Jesus ridande på eit esel, ein palmesundag for så lenge sidan. Inn i vår verd og våre erfaringar. Palmegreiner susar i lufta, fargerike kapper ligg på bakken, jubelropa runger:
«Hosianna syng for Jesus, 
syng for kongen uten prakt,
se han rider på et esel
ik profeten før har sagt»

JESUS RID INN MELLOM MENNESKA, mellom svikefulle menneske, mellom kvardagens menneske, mellom vanlege menneske med og utan tru, og det var slik det skulle være.

Jesus kjem nær oss. Det er det han vil. Han er ikkje kongen høgt opphøgd på sin høge hest. Jesus kjem nær oss. Kongen med beina subbande i bakken vi trør på…

Anar vi eit glimt av open himmel. Høyrer vi lyden av Guds bankande Faderhjerte, han som lot det yre av liv, han som såg at alt var godt, han som vandra i den svale kveldsvinden og aldri missta paradisdraumen.

No skal alt rettast opp og starten gjevast på nytt.

«Hosianna syng for Jesus! 
Syng for kongen når han drar 
mot sitt kors, ja mot den trone
er hans makt blir åpenbar»

Og vi høyrer ekko frå Jesu ord på krossen:  Det er fullført!

 

Tilbake