Ord for påska; den stille veka?


Den stille veka varer frå palmesøndag til påskeaftan. Namnet har veka fått fordi ein tidlegare ikkje ringte med kyrkjeklokkene, og heller ikkje brukte orgelet under gudstenestene, skriv Olav Oma denne veka.

 

Den stille veka varer frå palmesøndag til påskeaftan. Namnet har veka fått fordi ein tidlegare ikkje ringte med kyrkjeklokkene, og heller ikkje brukte orgelet under gudstenestene. Gjennom desse dagane skulle ein i størst mogleg grad la arbeidet kvila, og det skulle vera stille ute og inne.

Så er påskeveka ei tid til å tenka seg om, for oss. For Jesus var det ikkje slik. Gjennom desse dagane ser me kven Jesus er. Han blir avkledd menneskeleg verdigheit og herlegdom på ein brutal måte. Smerte, fornedring og død.

Dette som også me er redde for, Jesus går inn i det, og ropar frå krossen: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" Kyrkjeklokkene er stille, musikken er nedtona, gudstenestene vil leie oss til ettertanke og innleving.

Men påskeaftan skjer det noko. Då er det slutt på den stille veka. Klokka 17.00 startar kyrkjeklokkene over heile verda - å kima. Dvs. då ringjer dei så høgt dei kan, dei ringjer for at heile verda skal høyra.

Døden har tapt. Livet har vunne.
Jesus er stått opp! Han lever!
og me kan synga med i håps og sigersongen:

Eg har vunne, Jesus vann! Mørkheims makt for honom rømde; Krist or gravi utgang fann og for evig døden dømde. Open har eg himlen funne, Jesus vann og eg har vunne! (B. Støylen)

Olav J. Oma, sokneprest i Stord

Tilbake