Ord for veka; Håp og nytt liv


Vi har vore gjennom påskeveka – ei stille tid med alvor og refleksjon. Jesu liding og død er dramatisk og vi blir gripne og berørte. Det som då er til stor glede for oss kristne er Jesu oppstode påskedag då sola dansa av glede.

 

Jesus kjem med ei likning som beskriver dette på ein fin måte: Joh. 12.24: 
Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

Dette fekk Maria Magdalena oppleva 1. påskedag. Jesus hadde kome med lys og legedom inn i hennar liv. Ho hadde vore gjennom triste dagar og sett Jesu liding på korset og tenkt: Korleis kunne dei gjera dette mot denne snille og gode mannen? Og no opplevde ho det utenkelige: ho leita etter den døde Jesus, men tenk ho fant Han levande! For ei lukke, for ein glede! Ja, sorg blei til glede, tap til seier og tvil blei til tru.

Vi kjem med blomar og lys på gravene til våre kjære. Jesus er lyset og blomen i våre liv. Han er òg som ein varm vind og mildt regn som gir livet vårt gode vekstvilkår. Han har gitt hjarta sitt, ja, seg sjølv i gåve til oss. Mørket er forbi, no er det lys og ei ny tid som gjelder.

Jesus døde og blei lagt i grava. Han går inn i mørket istadenfor oss. Så ut av grava veks det håp om nytt liv for alle. Ved Jesu død har vi fått liv! Eit liv der vi skal få merka Jesu lys og kjærleik. Han ønskjer å vera nær oss med håp og trøyst. Jesus er oppstått og han lever. Han ønskjer å vera nær oss: i glede, i sorg og i sakn. Han har kalt oss ved namn, ja før vi blei født visste han om kvar og ein av oss.

Ved Jesu død og oppstode har vi alle fått evig liv - eit liv i glede og fridom. Døden får aldri det siste ordet. Jesus er Seierherren!

Lisbeth Nygård

Tilbake