Ord for veka: Bål og kjærleik


Bålet. Det er noko fint med bålet. Gjennom denne vinteren har eg fleire gonger erfart kor godt eit bål kan gjera. Samlar venner og familie. Bålet varmar på fleire måtar i kulden. Eg trekkest mot bålet og varmen det kan gir. Roen som ligg i det å sjå inn i flammane.

 

Eg trur at bålet på gardsplassen hadde ei slik tiltrekning på Peter. Denne natta etter at dei hadde teke Jesus til fange. Ein redd og fortvila Peter trekte mot det varma bålet og prøvde å gøyma seg i mengden. Men her gjekk alt gale for Peter. Fortvilinga og redselen tok overhand. Sorg, skam og fortviling var nok det som prega Peter denne natta.

Men heldigvis for Peter, var det ikkje slutt der. Jesus laga til eit nytt bål til han. Eit bål med brød og fisk. Eit bål med kjærleik. Denne oppstandne Jesu kjærleik som er større enn alt. Den som utslettar alt. Den som tek vekk skam og fortviling. Den som gir ein ny sjanse. Den som gløymer det som var av svik. Peter fekk ein ny start. Me får og ein ny start i møte med den oppstandne Jesus. Jesus lever, han inviterer oss til felleskap og kjærleik.

Brynhild Meyer Stautland - kyrkjelydspedagog

Tilbake