Ny medarbeidar i trusopplæringa


Det er med stor glede me kan ønskja Ingvild Baugstø Almås velkomen som ny medarbeidar i 100% stilling i trusopplæringa frå 1.august. Ho får born og unge i alderen 0-18 år som arbeidsfelt. Ho kjem til stillinga i kyrkja frå lærarjobb på Tjødnalio skule gjennom mange år.

 

Me er heldige som får Ingvild med sin kreativitet og gode humør med på laget i trusopplæringa både i Stord og Nysæter!

 

Tilbake