Gravplassen på Huglo ligg langs vegen midt imellom fergekaien og bedehuskapellet.
Etter at gardane Litla Brandvik, Tveit og Sørhuglo frå 1899 vart overførde til Stord sokn, voks det fram eit sterkare grendefellesskap på denne øya enn tidlegare. Huglo fekk snart ein felles skulestad, og det vart sett fram krav om gardsvegar og eiga kyrkje. Det var ikkje alltid godvêr når eit gravfølgje skulle kryssa Nuen, og folk ynskte difor eigen gravplass. Heradstyret var i møtekomande, eit jordstykke midt på øya vart stelt til rådvelde og opparbeidd på dugnad. Den 13. januar 1906 vigsla sokneprest Dahler den nye gravplassen. Til stades under høgtida var ordførar Deinboll, klokkaren Johan Skram og storparten av folket på Huglo. Bladet ”Søndhordland” hadde ein kort omtale av hendinga og la til at huglarane no vona at det ville verta fart i arbeidet med å få reist eit forsamlingshus eller bedehus. Seinare har gravplassen vore halden fint ved like og utvida etter behov. Seinast i investeringsbudsjettet frå Stord kyrkjelege fellesråd fram til 2010 lagt fram i november 2006, er det gjort framlegg om midlar til ”Drenering og opparbeiding av nytt gravfelt på Huglo gravplass”.