Ord for veka; På førstesida i VG


Eg var 8 år, og syntes det var stas med ein framand mann på besøk i stova. Bilete av oss tok han og. Han var journalist sa dei vaksne, utan at eg heilt forstod kva det var for noko.

 

Det var januar, etter nokre dagar med regn hadde det nå blitt kuldegrader. Tidlig på morgonen var pappa på veg til arbeid. Han kjørte lastebil. Vegen frå garden der me budde til sentrum gjekk eit stykke langs sjøen. Det var glatt og is på vegen og plutselig rulla lastebilen av vegen, tok fleire rundkast og landa i sjøen. Styrehuset tippa fram, og pappa vart sittande fast med føtene.

Han folda dei store arbeidshendene og bad til Gud for mamma, meg og brørne mine. Så skjedde det at festet om føtene losna og han kom seg ut av styrehuset, opp til overflata, svømte til lands og gjekk nokre kilometer til næraste hus.

Eg var 8 år og forstod ikkje kor dramatisk dette var. Ei heller kva konsekvensar det kunne fått for familien min. Men eg husker overskrifta journalisten skreiv og som stod på trykk på framsida i VG; «Gud reddet meg fra døden i dypet». Og eg husker at eg syntes det var trygt og godt å vite at Jesus hadde passa på pappa.

Komande søndag startar bibelteksta som vil bli lest i kyrkja med orda «Be, så skal de få» (Matt 7,7). Eg trudde på bøn då eg var 8 år, og eg trur på bøn nå 41 år seinare. Eg trur Gud svarte på pappa si bøn den januarmorgonen og eg er djupt takknemlig og glad for at han gjorde det.

Elisabeth Fauskanger

(biletet viser staden der pappa hamna i sjøen. Biletet er teke mens lastebilen framleis låg i sjøen)

Tilbake