Ord for veka: Helgetorsdag


Det er gått nokre år sidan tenåringen kom heim og sa: "Pappa, kan du den salmen, 'Jeg ser deg o Guds lam å stå'?" 

 

Det er gått nokre år sidan tenåringen kom heim og sa: "Pappa, kan du den salmen, 'Jeg ser deg o Guds lam å stå'?" "Ja," svara eg. "Den er så fin. Kvifor har me aldri sunge den på gudsteneste? Eg har ikkje høyrt den før me lærde den som vekas salme," sa ho.

Me hadde nok sunge den på gudsteneste, men det er ikkje alltid me får det med oss likevel, mange ting spelar inn. Eg gledde meg over at ein salme som Brorson har skrive for nær 250 år sidan, hadde fått nytt liv hos ei ung jente. Men salmen vart og ny for meg gjennom begeistringa til dotter mi.

Den flotte folketonen som ber ord fulle av djup teologi. Brorson startar med bilete frå helgetorsdagen, då Jesus vert lyfta opp framfor augo til læresveinane. Så skildrar diktaren heile Jesu gjerning for oss, med enkle ord. Her syng me om synda som Jesus tek, om kjærleik som går i vår stad. Me syng om berging, påskedag og evig liv. Diktaren teiknar det som skal koma, men og livet her og no. Gjennom heile salmen kan ein sjå takken og jubelen over det Jesus gjer for oss.

Slik er helgetorsdag (Kristi himmelfartsdag), ein dag som peikar framover, men fortel og at Jesus er nær oss no, der du er. Jesu siste ord i Matteus 28 er: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Så kan me synge med jenta mi og Brorson på 219 i salmeboka

Takk, Fader, at du var så god
mot Adams falne ætt,
du frelste oss ved Lammets blod
og gav oss barnerett.
Deg priser nå hvert åndedrag,
hvert sukk og hjerteslag.
Guds Lam, for all den kval du led,
takk, takk i evighet!

T  1764 Hans Adolph Brorson
M  Norsk folketone (Lom)

Tilbake