.Ord for veka;..........og størst av dei er kjærleiken (1.Kor. 13)


"I 1815 var Charles Francois Bienvenu Myriel biskop i Digne". Slik startar romanen "le Miserable" - de elendige - av Victor Hugo.

 

Denne biskopen vert eit symbol på Jesus der han lever livet sitt blant dei fattige. Sjølv bur han saman med søstera si og ei tenestejente, og tener ikkje så verst. Biskopen fører rekneskap etter det motsette bibelske prinsipp; han beheld tiende av løna si og gir vekk 90 % av inntekta sine til andre.

Ein kveld får dei besøk av Jean Valjean som hadde vore galeislave i 19 år. Han vart fengsla fordi han stal brød til søstera si som budde aleine saman med sju svoltne ungar. No er Valjean sett fri, men ingen vil gje han husrom, bortsett frå biskopen.

Utpå natta vaknar Valjean og klarer ikkje å tenkja på noko anna enn sølvbestikken som dei åt med kvelden før. Dette var det einaste av verdi i biskopen sitt hus - saman med to lysestakar i sølv som han hadde arva etter ei tante.

Valjean tek sølvbestikket. Han vert sjølvsagt teken av politiet og ført tilbake til biskopen sitt hus. Då seier biskopen: "Nå, er det dem.....det gleder meg å se dem. Men hør her. Jeg gav dem lysestakene også, de er av sølv akkurat som det andre, og de ville sikkert ha fått to hundre francs for dem. Hvorfor tok de ikke dem sammen med det andre sølvtøyet?"

Jean Valjean vert sjokkert. Dette var ei heilt ny oppleving. Møte med biskopen - ein mann som var berar av miskunn og nåde. Valjean vert sett fri og biskopen seier lågt til Jean Valjean:

"Glem ikke, glem aldri at de har lovet meg å bruke pengene for dette sølvtøyet til å bli et skikkelig menneske" Nett det hadde vel ikke Valjean lova, men orda skapte det dei nemnte.

Jean Valjean møtte kjærleiken for første gong i sitt vaksne liv - noko som alltid kom til å prega han i møtet med dei menneska han møtte. Og når han 800 romansider seinare står framfor fangevoktaren Javert, som hadde brukt livet sitt til å plaga han, så klarer ikkje Valjean å gjera han noko vondt. Jean Valjean blei av biskopen  vigsla til teneste for det gode, til kjærleiken si teneste.

Gjennom dåpen er me vigsla til kjærleikens si teneste. Jean Valjean møtte ein biskop som lærte han noko om kjærleik, nåde, tilgjeving og miskunn.  Me har møtt Jesus som har lært oss det same.

"Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken" (1.Kor. 13,13)

Liv Kari Bru
Kyrkjeverje

Tilbake