Ord for veka; ... vestlandsvind på kinnet


Me som bur langs kysten er vandt med både vind og ver...

Me som bur langs kysten er vandt med både vind og ver. Me kan sjå sjøen gå kvit, måsen segle på himmelen og tre som bøyer seg fram og tilbake i takt med vindkasta. Me veit kor det er ly for nordavinden, og me har opplevd å vera ute og kjenna korleis ein isande, kald vind treff oss i ansiktet.

Men på varme sommardagar, når sola skin og gradestokken kryp oppover er det godt å kjenna vindpust i ansiktet. Ein god trekk, litt frisk luft, litt avkjøling som gjer det lettare å pusta. Det er nesten som me får nye krefter av slik sommarvind.

Som vinden stryker mine kinn, 
slik er han, Heilag Andens vind.
Han strøymer om meg, alltid nær,
han hjelper meg å leve her

Lik lufta som eg andar inn,
Slik er han, Heilagandens vind.
Han fyller kvart eit andedrag
Og gir meg krefter dag for dag.

(nr.  521 i salmeboka)

Pinsehelga me har feira nettopp fortel om ein Gud vil vera nær oss ved sin heilage ande. Som vinden på kinna våre. Nokre gonger sterk og kraftig, andre gonger sval og stille. I bibelen les me om begge deler; om læresveinane som på pinsedagen opplever at Gud kjem nær i ein sterk vind (Apg. 2,2) og om Elia som opplever at Gud er nær i ei skjør stillheit (1.Kongebok 19,12). Som på ein måte bur Gud i oss ved sin heilage ande, som ein ven som vil hjelpa oss og gje oss kraft, glede og alt godt.

 

Elisabeth Fauskanger

 

 

 

 

 

Tilbake