Ord for veka: Guds hand


Eg lyfter auga mine til fjella.
Kvar kjem mi hjelp ifrå?

Mi hjelp kjem frå Herren,
som har skapt himmel og jord.

 

 

Han vil ikkje la foten din vakla,
din vaktar vil ikkje blunda!
Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje,
Israels vaktar.

Herren er din vaktar,
Herren er din skugge
ved di høgre hand.

Sola skal ikkje skada deg om dagen,
heller ikkje månen om natta.

Herren skal vara deg frå alt vondt.
Han skal verna om ditt liv.

Herren skal vara din utgang og din inngang
frå no og til evig tid.

Ein fantastisk salme. Salme 121. Me får lov til å takka Gud for alt han har gjort for oss. Me får oppleva Guds kjærlege hand over oss. Hans enorme kjærleik til oss. Men så er det slettes ikkje alltid me har lyst til å lovsyngja og takka Gud. Men hans kjærleik den stoppar ikkje den dagen me ikkje får til å takka. Hans kjærleik går langt ut over det me kan fatta og forstå. Kjærleiken hans er så stor at me og kan få lov til å klaga å syta. Ropa og skrika om det er det me treng. Då kan me igjen bruka salmane. Kanskje salme 22.

Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?
Kvifor er du så langt borte
når eg treng hjelp og skrik ut mi naud?

Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,
eg ropar om natta og finn ikkje ro.

Guds kjærleik tek aldri slutt. Me får lov til å leva i den med heile livet vårt.

Brynhild Meyer Stautland

Tilbake