Ord for veka; Kontrastane i livet


Denne veka er det soknediakon Olaug Gloppen som deler tankar med oss. 

 

Det er sommartid. Fyrsteslåtten er for mange bønder unnagjort. Bakkane står flotte og nyslått. Fuglane har bygd reir og mange fugleungar har sett dagens ljos. Blomane blømer og det luktar godt i li og på eng. Det er vakkert og «ein smak av himmel på jorda».

For nokon er våren og sommaren ei tid med opplevingar av kontrastar mellom eige liv  og det ein opplever i skaparverket. Då er det tungt å leve. Det skjønne og vakre i naturen er så annleis enn eige liv. Ein har tunge bører, livet er alt anna enn ljos og glede, eige liv har prøvingar av ymse slag. Ljose sommardagar bli meir vanskelege dagar enn takksame dagar. Kontrastar i livet!

Fleire år tilbake budde eg ei tid i Finnmark. Der er det mange kontrastar; mellom ljos og mørke, mellom sjø og land, mellom ruskever og solskin. Vinteren er mørketid og sommartid har sol heile tida.

Vi blir alle forma av levd liv, enten livet er hardt prega som steinane og berga ved havet etter stormkasta eller det er utan dei store prøvingane som ein eng med blomar. Som oftast er liva våre forma av både ljose, lette dagar og av prøvingar. Kontrastar er det både i skaparverket og i liva våre.

Jesus tala til folket og sa: «Eg er ljoset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørket, men ha livsens ljos.» Johannes 8,12.

Dette løftet er Guds gåve til oss, i både mørke og ljose dagar, om det er ruskever og det stormar, eller om vi vandrar i ei blomerik eng. Tek vi imot Jesu ønskje om å følgje Ham?

Olaug A. Gloppen

 

 

Tilbake