Trusopplæring hausten 2021 i Stord sokn


I trusopplæringa har me tatt sommarferie og avslutta eit halvår som har vore kjekt, sosialt og spennande. Men koronasituasjon og smittevern har og gitt oss nokre utfordringar desse månadane. Nå ser me fram til hausten.  

 

Me planlegg for ein haust med samlingar for born og ungdom i kyrkjene. Her er førebels program (endringar kan komma). Invitasjon kjem i posten til alle døypte, men me vil understreka at alle er like velkomne enten ein er døypt eller ikkje.  Ikkje påmelding. Gratis å komma. Takk til dei mange supre frivillige medarbeidararne som gjer det mogleg å ønskja velkomen til trusopplæring til hausten! 

Stord sokn.

T 0 Babysong
Songstund og servering av lunsj i kyrkjestova Fredheim (Hystadvg 32) eller i Stord kyrkje. 
kl. 11.00- ca 12.00 desse datoane i haust:
13.september, 27.september, 11.oktober, 25.oktober, 8.november, 22.november.

T 123 Songstund.
Songstund, servering av kveldsmat og leik i Stord kyrkje for born 1,2 og 3 år saman med vaksen.
kl. 17.00- 18.00 desse datoane i haust:
6.september, 20.september, 4.oktober, 18.oktober, 1.november, 15.november, 29.november

T 456 Songstund.
Songstund, servering av pølse og leik i Stord kyrkje for born 4,5 og 6 år saman med vaksen.
kl. 17.00- 18.00 desse datoane i haust:
8.september, 22.september, 6.oktober, 20.oktober, 3.november, 17.november, 1.desember

T 4 Fireårsbok.
Familiegudsteneste i Stord kyrkje med utdeling av barnebibel til 4 åringane 24.oktober

T6 Førsteklasses.
Middagservering til 6 åringane m/familie 14. og 16.september.
Familiegudsteneste i Stord kyrkje med utdeling av Sakkeusbok til 6 åringane 19.september

T 78 "Gud skapar, me tek vare på" 
Utesamlingar ved Stord kyrkje for born 7 og 8 år.
kl. 16.00-17.00 desse datoane i haust:
16.september, 4.november, 9.desember

T 11 Lys vaken
Helg for 11 åringane med program laurdag 20. november og familiegudsteneste i Stord kyrkje med utdeling av boka Tidslinja 21.november

T 14 Konfirmant 2021.
Avslutning med Thor Håvik (FarmenThor) 25.august i Nysæter kyrkje kl. 19.00
Konfirmasjonsgudstenester i Stord kyrkje 11. og 12.september og 25. og 26.september

T14 Konfirmant 2022.
Kick-off med Thor Håvik (FarmenThor) 25.august i Nysæter kyrkje kl. 16.30.
Bli kjent tur til Solgry Nordbygdo ungd.sk 31.august og Stord ungd.sk. 2.september,
Tre samlingar med opplegg og undervisning i kyrkja, på tysdagar for elevar på Nordbygdo ungd.skule og torsdagar for elevar på Stord ungd.skule.
Presentasjonsgudsteneste 3.oktober og Lysmesse 28.november

Ungdom frå 7.- 10.klasse "HER & DER"
Ei samling i månaden felles for Stord & Nysæter.der me skal gjera mykje forskjellig og mykje gøy saman.
kl. 19.00-21.00 30.august, 27.september, 25.oktober og 29.november. 
Oppmøte i Stord kyrkje.

 

 

 

Tilbake