Trusopplæring hausten 2021 i Nysæter sokn


I trusopplæringa har me tatt sommarferie og avslutta eit halvår som har vore kjekt, sosialt og spennande. Men koronasituasjon og smittevern har og gitt oss nokre utfordringar desse månadane. Nå ser me fram til hausten.  

 

Me planlegg for ein haust med samlingar for born og ungdom inne i kyrkja. Her er førebels program (endringar kan komma). Invitasjon kjem i posten til alle døypte, men me vil understreka at alle er like velkomne enten ein er døypt eller ikkje.  Ikkje påmelding. Gratis å komma. Takk til dei mange supre frivillige medarbeidararne som gjer det mogleg å ønskja velkomen til trusopplæring til hausten! 

Nysæter sokn.

T 0 Babysong og Mat & prat
Songstund og servering av lunsj.
kl. 11.00- ca 13.00 desse datoane i haust:
6.september, 20.september, 4.oktober, 18.oktober, 1.november, 15.november, 29.november

T 1-6 Open kyrkje
Songstund, servering av pølser og leik i for born mellom 1 og 6 år saman med vaksen.
kl. 17.00- 18.00 desse datoane i haust:
14.september, 28.september, 12.oktober, 26.oktober, 9.november, 23.november.

T 4 Fireårsbok.
Familiegudsteneste i Nysæter kyrkje med utdeling av barnebibel til 4 åringane 31.oktober kl. 11.00

T6 Førsteklasses.
Middagservering til 6 åringane m/familie 21.september
Familiegudsteneste i Nysæter kyrkje med utdeling av Sakkeusbok til 6 åringane 26.september kl. 11.00

T 7-10 "Gud skapar, me tek vare på" 
Utesamlingar ved Nysæter kyrkje eller i Sagvågsområdet (nærare info kjem) for born 7,8,9 eller 10 år.
kl. 16.00-17.00 desse datoane i haust:
9.september, 28.oktober, 24.november

1.- 4.klasse Aktivitetsdag fredag 12.november
Opplegg, leik, mat og moro i kyrkja på skulefridag. 

T 11 Lys vaken
Helg for 11 åringane med program laurdag 27. november og familiegudsteneste i Nysæter kyrkje med utdeling av boka Tidslinja 28.november kl. 11.00

T 14 Konfirmant 2021.
Avslutning med Thor Håvik (FarmenThor) 25.august kl. 19.00
Konfirmasjonsgudstenester i Nysæter kyrkje 28. og 29.august

T14 Konfirmant 2022.
Kick-off med Thor Håvik (FarmenThor) 25.august i Nysæter kyrkje kl. 16.30.
Bli kjent tur til Solgry 31.august. 
Samlingar med opplegg og undervisning i kyrkja 14.september, 19.oktober og 9.november
Presentasjonsgudsteneste 24.oktober og Lysmesse 5.desember

Ungdom frå 7.- 10.klasse "HER & DER"
Ei samling i månaden felles for Stord & Nysæter.der me skal gjera mykje forskjellig og mykje gøy saman.
kl. 19.00-21.00 følgjande datoar: 30.august, 27.september, 25.oktober og 29.november. 
Oppmøte i Stord kyrkje.

 

Tilbake