Treng du nokon å snakka med i sommar?


Det kan vera mange grunnar til at ein treng nokon som kan lytta, og som har taushetsplikt. Om du treng nokon å snakka med i løpet av sommaren finn du kontaktinformasjon til Kirkens SOS under.

 

KIRKENS SOS er kyrkja si kriseteneste, der lyttande medmenneske gir støtte og trøyst i møte med dei som tek kontakt. Du kan ringa anonymt, dersom du ynskjer det. Når du ringer KIRKENS SOS er det ingen som kan sjå nummeret du ringer frå.

Alle medarbeidarane ved KIRKENS SOS har taushetsplikt, og dei er anonyme. Deira oppgåve er å lytta. Dei gir ikkje råd, og dei driv heller ikkje med forkynning.

Telefonen er open kvar dag, heile døgnet, året rundt. KIRKENS SOS har samtaletilbod via telefon, SOS-chat og SOS-meldingar. Informasjon finn du her: kirkens sos

Dersom det er ventetid på telefonen kan ein senda SOS-MELDING som vil bli svart på innan 24 timar. KIRKENS SOS si teneste er gratis. Telefonnummeret til KIRKEN SOS sin krisetelefon er: 22 40 00 40.

På kyrkjekontoret er det redusert bemanning fra 28. juni – 23. august, men det er mogleg å nå oss på telefon 53403430 eller E-post: post@kyrkja-stord.no

Med helsing soknediakon Olaug I. Gloppen.

Tilbake