Oppsporing av festarar


Arbeidet med å finna festarar på graver på gravplassane i Stord kommune er godt i gang. Mange har allereie meldt seg som festar, eller dei har gitt beskjed om at grava kan slettast.

 

Oppsporing av festarar

Arbeidet med å finna festarar på graver på gravplassane i Stord kommune er godt i gang. Mange har allereie meldt seg som festar, eller dei har gitt beskjed om at grava kan slettast. Alle graver som manglar festar har fått lapp, utanom gravene på Huglo gravplass. Det er litt usikkert kva tid arbeidet med å finna festarar til gravene startar der, men me reknar med det vert i løpet av hausten.

I overgangen mellom kyrkjebøker og dataprogram vart ikkje all informasjon med, difor utfører me dette arbeidet med å spora opp festarar. Me ser at mange av gravene som får lapp er fint stelte, og dermed har «eigarar» som ynskjer å stå som festar. Dei veit ikkje at våre system er mangelfulle, difor må me setja på lapp for å finna ut av dette.

Framgongsmåten vår er slik:

  • Først får grava ein lapp der det står at den manglar festar. Ein blir beden om å ta kontakt med kyrkjekontoret.
  • Etter omlag 6 månadar utan tilbakemelding får grava ein ny lapp der det står at grava vil bli sletta det neste halvåret.
  • Etter nye 6 månadar utan tilbakemelding vert grava sletta og gravsteinen fjerna. Gravsteinen vert oppbevart i minimum 6 månadar før den vert destruert.

Det er på denne måten eit tidsperspektiv på minimum 18 månadar frå «Manglar festar»-lapp kjem på til gravsteinen vert destruert.

Dette arbeidet er omfattande, og feil i oppryddingsarbeidet kan førekomma. Ta kontakt slik at me får ordna opp i dette.

Tilbake