Etter skuletid for 8.-10.trinn


"Etter skuletid"  er kvar måndag mellom kl. 14 -16 (ikkje når det er skulefri). Dette er eit tilbod om lekselag og leksehjelp til elevar på Nysæter ungdomsskule. 
"Etter skuletid" startar opp att etter sommarferien måndag 2. september.

 

Tanken er at elevane kan komma rett frå skulen dei måndagane det passar og bli så lenge dei vil i tidsrommet mellom kl. 14 - 16.

"Etter skuletid"  skal vera ein plass å gjera lekser saman med andre, ein stad å få leksehjelp, ein stad for å gjera lekser åleine. Det vert servering av mat og vaksne å snakka med.  Etter skuletid skal vera ein sosial plass. Det er frivillig og gratis og er ikkje ein del av kyrkja si trusopplæring.

Kontaktperson John Oddvar Løkling. 

 

Tilbake