Etter skuletid for 8.-10.trinna


"Etter skuletid"  kvar måndag mellom kl. 14.00-16.00. Eit tilbod om lekselag og leksehjelp til elevar på Nysæter ungdomsskule. 

Tanken er at elevane kan komma rett frå skulen dei måndagane det passar og bli så lenge dei vil i tidsrommet mellom kl. 14.00 og 16.00

"Etter skuletid"  skal vera ein plass å gjera lekser saman med andre, ein stad å få leksehjelp, ein stad for å gjera lekser aleina. Det blir servering av mat og vaksne å snakka med.  Etter skuletid skal vera ein sosial plass. Det er frivillig og gratis og ikkje ein del av kyrkja si trusopplæring.

Kontaktperson John Oddvar Løkling. 

 

Tilbake