Jubileumshaust


Jubileumshausten er i gang i Nysæter kyrkje. Neste arrangement er salmekveld 26. september.

 

God stemning på dugnaden for 30 år sidan.

«Kven si kyrkje er dette?» var spørsmålet ein 3-klasse fekk då dei var på besøk i den nye kyrkja  for snart 30 år sidan. « Gud og Jesus og alle i Sagvågen  og Litlabø» var svaret me spontant fekk.

Korleis har det gått ?   Kven kjenner at dette er VÅR kyrkje? Kva er framtida?

For 30 år sidan var dugnadsinnsatsen på topp i samband med bygginga av kyrkja. Ei mengd med frivillige får bygdene våre var med på stillasrigging, forskaling, maling, rydding, arbeid på uteområde, snekring og mykje meir.  Dugnadsgeneral Tordis Nysæter hadde lange lister og styrte med stø hand. Kaffi og mat kom  i store mengder til dugnadsfolka, trivsel og entusiasme blømde.

 

30 år. Det er ikkje tida for eit storslått jubileum , men me kallar likevel denne hausten for jubileumshaust. Me startar 5 september, då me ynskjer  å ha ei «gjenopnings»- gudsteneste, og håpar sjølvsagt på at situasjonen tillèt ei fin markering med  kyrkjekaffi og godt fellesskap. Me vonar at me kan  markere  at me   får meir normale tider når det gjeld det å samlast etter 1,5 år med avgrensingar og nedstenging.  Me satsar på å starte opp med fleire av dei arrangement me har utsett, og me kallar mange av dei «jubileums- arrangement». Det vil vera arrangement heile hausten.

Mange av tiltaka og møtepunkta i trusopplæringa vil koma i vanleg gjenge att. Det vert  konsertar, salmekveld, puls på livet, jubileumsgudsteneste og ikkje minst jubileumsbasar. Den vert 23.oktober. Den flittige kyrkjeringen som lagar gevinstar til basaren  er mest  like gamal ( 28 år) som kyrkja. Me tar gjerne imot fleire gevinstar , små og store.

Vigslingsdagen for kyrkja var 15.desember 1991.

Tilbake