Salmekveld i Nysæter


Vel møtt til salmekveld 26.september kl 19.00

 

I samband med at Nysæter kyrkje markerer 30-årsjubileum denne hausten blir det ein salmekveld i Nysæter kyrkje søndag 26.september kl 1900.

Kyrkjekoret Sanctus har ei viktig rolle som både fleirstemt kor og forsongarar på det utvalet av salmar frå salmeboka som her er gjort.Det blir noko velkjent stoff,men og noko nytt og meir ukjent.Kyrkjelyden kan få vera med og syngja på mange av salmane.

Kantor Bjarte Aadland kjem til å leia det heile der han fortel litt om salmane som vert presenterte.

Som tonefølgje vert ein jazztrio sett saman av piano,bass og slagverk med og spelar til salmane.Dei spelar og noko solistisk instrumentalmusikk.På piano spelar Øystein Heide Aadland ,på bass Ørjan Lægreid og på slagverk medverkar Marius Sjo.

Det vert høve til å vippsa ein kollekt til prosjektet,eller om ein har kontantar kan ein nytta korger ved utgongen.

Velkommen til salmekveld!

Tilbake