Babysong i Stord kyrkje hausten 2021


Velkomen til songstund, servering av lunsj og tid til prat annakvar måndag føremiddag i kyrkja. 
Her er datoane for haustens samlingar:

 

Opne dører frå kl. 10.30. 
Songstund frå kl. 11.00 og lunsj frå ca kl 11.30 -12.00

13.september 
27.september
11.oktober
25.oktober
8.november
25.november

Babysong er samlingane for dei yngste borna knytta til trusopplæringa i kyrkjene på Stord. Me møtest på dagtid og syng og leiker oss gjennom ulike songar, rim og regler. Samlinga startar med songstund, etterpå serverer me lunsj og drikke og det er tid til å prate saman.

Det er sosialt å vera på babysong og ein fin stad å bli kjent med andre som born på omtrent same alder som ein sjølv. Invitasjon til babysong blir sendt til alle døypte, men alle er like velkomne om dei er døypte eller ikkje. Så inviter gjerne med fleire. 

Tilbake