T 7-10 Gud skapar - me tek vare på i Nysæter hausten 2021


Når me ser rundt oss ser me sjø og fjell, tre og blomar, insekt, fisk og krabber, fugler og dyr og me ser kvarandre. Kor kjem alt dette frå? Kven har skapt alt? Og korleis kan me ta vare på naturen og alt det fine me ser rundt oss? 

 

 

«Gud skapar - me tek vare på» 
9.september,  28.oktober og 24.november
kl. 16.00-17.00
Kom og bli med på ulike aktivitetar, bibelfortelling, litt mat og leik

Første samling skal me leita etter insekt og småkryp utanfor kyrkja saman med Bjarte som er ekspert på dette.  Andre gongen skal me læra om livet i fjæra saman med Marit som kan mykje om dette. Då møter de og blir henta ved stranda i Sætravikjo. Siste gong før jul er tema boss, og me skal vera i og ved Nysæter kyrkje. NB: Ta med kler til å vera ute i kvar gong. 

 

Tilbake